Plaga av einsemd –
8-10 trinn
Statistikken viser prosentdelen og forholdstal for ungdomsskuleelevar som har svart «ganske mykje plaga» eller «veldig mykje plaga» på spørsmålet:«Har du vore plaga av noko av dette i løpet av sist veke: Følt deg einsam?» Tala gjeld elevar som har svart på dette spørsmålet i Ungdata-undersøkinga, og er fordelt etter kommune- og fylkesinndeling per 1.1.2024.
Tilgjengelege måltal:
Andel (prosent, standardisert): Del i prosent, justert for kjønn og klassetrinn.
Forholdstal (Noreg = 100): Viser korleis kommunen ligg an samanlikna med landsgjennomsnittet. Døme: 130 = 30 % høgare, 87 = 13 % lågare.
Einsemd er det motsette av god sosial støtte. God sosial støtte inneber at ein får kjærleik og omsorg, blir akta og verdsett, og at ein tilhøyrar eit sosialt nettverk og eit fellesskap med gjensidige forpliktingar. Manglande sosial støtte aukar faren for både fysiske og psykiske plager og lidingar.
Les meir om sosial støtte og einsemd her: http://www.fhi.no/tema/psykisk-helse/sosial-stotte-og-ensomhet
Tolking:
Personar der kjønn og/eller klassetrinn ikkje er oppgitt, er ikkje inkludert i datamaterialet. Frå og med 2016 er tal frå skular som svarte om hausten ekskluderte.Lands- og fylkestal er som hovudregel treårige gjennomsnitt, med unnatak for åra 2021–2023 grunna pandemien.
Kjelde: Helsedirektoratet/Ungdata