Trivsel på skulen - 7-10 trinn
Statistikken viser prosentdelen og forholdstal for ungdomsskuleelevar som oppgir at dei trivst godt eller svært godt på skulen, basert på svaret på spørsmålet «Trivst du på skulen?». Tala gjeld elevar som går på skule i kommunen, og er vist som glidande treårige gjennomsnitt. Inndelinga følgjer kommune- og fylkesstruktur per 1.1.2024, basert på kvar skulen ligg.
Tilgjengelege måltal:
Andel (prosent), standardisert: Som over, men justert for kjønnssamansetning.
Forholdstal (Noreg = 100), standardisert: Viser forholdet mellom kommunen si standardiserte andel og landsgjennomsnittet. Døme: 130 = 30 % høgare enn landssnittet, 87 = 13 % lågare.
Standardiserte tal er anbefalt ved samanlikningar mellom område, for å ta høgde for ulik kjønnssamansetning. Det er nytta indirekte standardisering med siste årgang som referanse.
Auka trivsel er eit sentralt mål for folkehelsearbeidet. For barn og unge er skulen ein svært viktig sosial arena. Trivsel på skulen er ein av ei rekke faktorar som påverkar elevanes motivasjon for å lære, og dermed deira evne til å meistre dei utfordringane skulekvardagen gir. Trivsel kan på lengre sikt ha betydning for fråfallet blant elever i den vidaregåande skulen, kor hol i kunnskapsgrunnlaget frå ungdomsskulen er ein viktig medverkande årsak til fråfall. Videre kan skuletrivsel knytast til livstilfredsheit, spesielt for jenter.
Ulike trivselsskapande faktorar, som venner, gode lærarar og fagleg meistring verker positivt inn på den fysiske og den psykiske helsa. Motsett vil eit belastande eller stressande skulemiljø auke risikoen for psykiske helseproblem. Mobbing, faglege vanskar, negative forhold til lærarar og manglande støtte frå elever og vaksne gir økt risiko for skulefråvær og psykiske helseplager. Skulen sitt generelle arbeid med læringsmiljøet er vesentleg for elevane sin trivsel og psykiske helse.
Tolking:
Manglande tal betyr at undersøkinga ikkje er gjennomført, at det manglar informasjon om kjønn/klassetrinn eller at tal er anonymisert eller skjult av andre årsaker. Gjeld også fylker som er skjult pga. låg dekningsgrad.
Tal for fylke og landet er gjennomsnitt over treårsperiodar, med unntak av 2021, 2022 og 2023.