Dødelegheit – tidleg død (0-74 år)
Variabelen viser antall døde i aldersgruppa per 100 000 innbyggarar årleg, justert for alder og kjønn. Statistikken viser 10 års glidande gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for overlappande 10-års-periodar), og er basert på bustad ved død.
Statistikken er henta frå Dødsårsaksregisteret og omfattar alle som er busett i Norge, sjølv om dei dør i utlandet.
Datakvaliteten vert rekna for i hovudsak å vere god. Statistikk basert på færre enn fire tilfelle vert skjulte av personvernomsyn.
Data på dødsårsaker omfattar fem ulike indikatorar som representerer dei største/viktigaste av desse. Følgjande grupper av dødsårsaker (ICD-10) er presentert:
- Alle dødsårsaker samla
- Hjerte- og karsjukdom (I00-I99)
- Kreftsjukdom (C00-C97)
- Voldsomme dødsfall (V01-Y89) (ulykker og sjølvmord)
- KOLS (Kronisk obstruktiv lungesjukdom) (J44)
Informasjon om tidleg død (her definert som død før 75 års alder, altså under den forventa levealderen) av ulike årsaker kan gje oss viktig informasjon om kvar vi bør sette inn førebyggande folkehelsetiltak. Dagens dødsårsaksmønster kan reflektere levevanar over lengre tid, ikkje berre det som gjeld i dag.
Kjelde: Dødsårsaksregisteret ved Folkehelseinstituttet