Fastlegeordninga
Fastlegeordninga er ein sentral del av den norske helsetenesta og skal sikre innbyggarane tilgang til fast lege, kontinuitet i behandlinga og koordinering vidare i helsetenesta. Statistikken gir kunnskap om korleis ordninga fungerer, og om det er utfordringar knytt til kapasitet, stabilitet eller kompetanse. Ved å følge utviklinga over tid kan kommunar og helsemyndigheiter planlegge ressursar betre, sikre likeverdige helsetenester og sette inn tiltak der behovet er størst. Indikatoren er viktig både for styring, kvalitetsforbetring og førebyggjande arbeid i primærhelsetenesta.
Definisjon
Fire indikatorar om fastlegeordninga er publisert:
- Andel fastlegar med spesialistutdanning: Indikatoren viser kor stor andel (prosent) av fastlegane som har spesialisering i allmennmedisin, og utviklinga av dette over tid. Spesialistutdanninga er eit 6,5 års utdanningsløp i etterkant av autorisasjon som lege. Utdanninga skal sikre god kompetanse i praksisen, og gjev større fagleg tryggheit for både fastlege og pasient.
- Tal ubesette avtalar: Indikatoren viser varigheten på fastlegeavtalar. Kommuner med vedvarende låg avtalevarighet og høg utskifting kan ha ei utfordring knytt til å tilby innbyggjarane stabilitet og kontinuitet i lege-pasient forholdet.
- Andel innbyggjarar utan fastlege: Indikatoren viser kor stor andel av innbyggjarane som står på ei liste som er utan fastlege.
- Fastlegestabilitet (årleg snitt): Variabelen viser kor lenge innbyggjarane på liste har vore tilknytt fastlegen. I berekninga av varigheita på relasjonen er det ikkje korrigert for om det har vore inne ein vikar for fastlegen i kortare eller lengre periodar. Om ein listeinnbyggar flyttar, eller vel ein ny fastlege i same kommune, så kan dette trekke andelen ned. Andre årsaker kan være at legen reduserer listetaket, og at listeinnbyggarane dermed automatisk blir tildelt ein ny fastlege.
Måltal
Indikatorane vert presenterte som prosentdelar, tal eller gjennomsnitt for kvar kommune, og nasjonalt nivå. Utvikling over tid vert vist gjennom tabellar, kurver og geografiske framstillingar.
Metodiske avklaringar
Tala byggjer på data frå Helsedirektoratet sine kvalitetsindikatorar for fastlegeordninga. Statistikken kan ligge eitt år tilbake i tid, noko som inneber at den aktuelle situasjonen i kommunane kan ha endra seg sidan registreringstidspunktet. Variasjonen mellom kommunar kan vere påverka av mellom anna rekruttering, bruk av vikarar, endringar i listetak og flytting blant innbyggarar.
Ved tolking av data må ein vere merksam på at kortvarige vikarordningar ikkje nødvendigvis vert korrigerte for i målingane av kontinuitet i lege–pasientforholdet. Endringar i kommunestruktur eller organisering av fastlegetenesta kan også påverke utviklinga over tid
Datakjelder
Helsedirektoratet – kvalitetsindikatorar for fastlegeordninga. https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/kvalitetsindikatorer
Datagrunnlaget er henta frå nasjonale register og statistikk publisert av Helsedirektoratet