Nøgd med lokalmiljøet – ungdom
Statistikken viser prosentdelen og forholdstal for ungdomsskuleelevar som har svart «litt eller svært nøgd», «verken eller» eller «litt eller svært misnøgd» på spørsmålet: «Kor nøgd eller misnøgd er du med lokalmiljøet der du bur?». Tala er basert på svar frå Ungdata-undersøkinga, og gjeld kommune- og fylkesinndeling per 1.1.2024. Svaralternativa «litt nøgd» og «svært nøgd» er slått saman, og det same gjeld «litt misnøgd» og «svært misnøgd». Tilgjengelege måltal: Andel (prosent, standardisert): Del i prosent, justert for kjønn og klassetrinn. Forholdstal (Noreg = 100): Viser avvik frå landsnivå, basert på standardiserte tal. Døme: 130 = 30 % over snittet, 87 = 13 % under. Ulike lokalmiljø kan gje ulike moglegheiter til å utfalde seg og ha sosialt samvær. Tilbodet av organisasjonar, fritids- og kulturtilbod påverkar korleis kvar enkelt kan utfalde seg, og bidreg samstundes til å skape identitet og tilhøyrsle i eit lokalmiljø. Det same gjeld tilgangen på opne møteplassar, rekreasjonsområde og urørt natur. Opplevinga av lokalmiljøet vil òg vere prega av utsiktene til utdanning, arbeid og familieetablering på sikt. Trygge og sunne lokalmiljø er særleg viktige for velferda til barn og unge, sidan dei som regel bruker lokalmiljøet i større grad og på ein annan måte enn foreldra og andre vaksne. Barn og unge kan òg ha andre meiningar enn vaksne om kva som gjev livskvalitet på heimstaden. Derfor er det viktig å spørje dei om korleis dei opplever staden der dei bur. Tolking: Personar med uoppgitt kjønn og/eller klassetrinn er ikkje inkludert i statistikken. Tal frå skular som gjennomførte undersøkinga om hausten, er ekskluderte frå og med 2016. Datagrunnlaget er henta frå Ungdata. Lands- og fylkestal er i hovudsak treårige gjennomsnitt, med unntak for åra 2021–2023 grunna koronapandemien.