Vaksne med alvorleg psykisk liding
Vaksne med alvorlege psykiske lidingar er ei av dei prioriterte gruppene i Helsefellesskapa i Noreg. Gruppa omfattar personar som har ei definert alvorleg psykisk liding og som har vore i kontakt med psykisk helsevern, og ofte har behov for koordinerte og langvarige helse- og omsorgstenester. Denne pasientgruppa har ofte høgare behov for både polikliniske og døgnbaserte tenester samanlikna med befolkninga generelt. Omfanget av vaksne med alvorlege psykiske lidingar utgjorde om lag 1,6 % av den vaksne befolkninga i Noreg i 2022 (1).
Definisjonar
Følgjande inkluderingskriterie frå Folkehelseinstituttet er nytta for vaksne pasientar (18 år og eldre) med alvorlege psykiske lidingar:
Minst ein episode i spesialisthelsetenesta innanfor eit år i psykisk helsevern registrert med tilstandskode (ICD-10, hovud- og bi-tilstandar):
- F20- F25- Schizofreni og schizoaffektive lidingar.
- F30–F33- Alvorlege stemningslidingar (omfattar mani, depresjon og bipolare lidingar).
- F60–F69-Personlegdomsforstyrringar.
Variablar
Indikatoren viser:
- Tal pasientar per år
- Kontaktar med legevakt per år
- Kontaktar med fastlege per år
- Kontaktar med allmennlege per år
Fastlegekontakt: Ein direkte kontakt mellom fastlege og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer konsultasjon (både fysisk, e-konsultasjonar og gruppebehandling), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Legevaktkontakt: Ein direkte kontakt mellom helsepersonell på legevakt og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer ein av fylgjande: Konsultasjon (både fysisk og e-konsultasjon), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Allmennlegekontakt: Allmennlegekontaktar utgjer den totale summen av fastlege- og legevaktkontaktar.
Måltal
Indikatoren viser tal pasientar, og rate per 1 000 innbyggjarar, som hadde kontakt med fastlege eller legevaktteneste per år. Utvikling av dei ulike gruppene over tid vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Alle rader frå tabellen "Enkeltregning" i KPR-data som er knytt til pasient i det aktuelle året er med. Kun filtrering på "Tjenestetype" fastlege og/eller legevakt.
- Teljing er basert på pasientlister i utvalgt pasientgruppe med alvorleg psysisk liding (PG3PL).
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Dei vert likevel summert på høgare aggregert nivå og små avvik kan førekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
- Alle rader frå tabellen "Enkeltregning" i KPR-data som er knytt til pasient i det aktuelle året er med. Kun filtrering på "Tjenestetype" fastlege og/eller legevakt.
Indikatoren omfattar kun pasienter med dei mest alvorlege psykiske lidingane, og inkluderer ikkje alle som mottek behandling i psykisk helsevern. Bruken av spesialisthelsetjenester varierer betydeleg mellom kommunane. Nokre pasientar har hyppige konsultasjonar i spesialisthelsetenesta, medan andre ikkje har vore under spesialistbehandling i det aktuelle året. Det er derfor ikkje mogleg å bruke denne indikatoren til å estimere den samla førekomsten (prevalensen) av alvorlege psykiske lidingar i kvar enkelt kommune.
Datakjelder
- Norsk pasientregister (NPR)
- Kommunalt pasient og brukerregister (KPR)
Samhandlingsbarometeret baserer si analyse på pasientliste for vaksne med alvorleg psykisk liding frå Folkehelseinstituttet.
Referansar
- Styringsinformasjon til helsefellesskapene. Del III. Helsedirektoratet 2022.