Vaksne med alvorleg psykisk liding
Indikatoren viser antall og rate pr. 1000 innbyggjarar av alle vaksne over 18 år som har fått ei av følgjande diagnosar anten som hovud- eller bidiagnose det aktuelle året:
a) F20: Schizofreni (psykoseliding). Ofte langvarige og behandlingstrengande tilstandar, som gjev varierande grad av funksjonsnedsetting og ofte behov for varige kommunale tenester.
b) F25: Schizoaffektive lidelsar (schizoaffektive psykosar)
c) F30-F33: Omfattar alvorlege stemningslidingar med maniar, depresjonar og bipolare lidingar. Kan ha større hjelpebehov i periodar, men også meir varig. Ulike alvorlegheitsgrader.
d) F60-F69: Personligheitsforstyrringar og atferdsforstyrrelsar hjå vaksne. Ofte varige tilstandar som kan influere på evna til å fungere godt i samfunnet generelt. Ulike alvorlegheitsgrader.
Indikatoren omfattar pasientane med dei mest alvorlege diagnosane, og ikkje alle som blir behandla i psykiske helsevern.
Mange kan ha fleire besøk i spesialisthelsetenesta årleg, og omfanget av dette varierer også mellom kommunane. Andre har ikkje vore under spesialistbehandling i det aktuelle året.
Ein kan difor ikkje bruke dette som indikator for det samla omfanget (prevalensen) av alvorlege sinnslidingar i den einskilde kommunen.
Metode
Telling er basert på pasientlister i utvalgt pasientgruppe med alvorleg psysisk liding (PG3PL).
Siste bustadskommune/bydel i eit år er valgt dersom pasient har to eller fleire i samme år. For å unngå duplisering på aggregert nivå.
På grunn av anonymiseringsteknikken vil antall kunne avvike noko med grunnlagsdata.
kjelde: NPR