Personar som bur trongt
Indikatoren viser andel personar (busett) i Norge som bur trongt.
Hushaldningar vert rekna som trongbudde dersom:
1. Antall rom i bustaden er mindre enn antall personar eller éin person bur på eitt rom og
2. Antall kvadratmeter (p-areal) er under 25 kvm. per person. Der det manglar opplysningar om antall rom eller p-areal, blir hushaldningar rekna som trongbudde dersom ein av dei to vilkåra er oppfylt.
Å bu trongt er éit av fleire mål på redusert bu-kvalitet. Bu-kvalitet har betydning for helse på fleire måtar. En vanskeleg busituasjon kan påverke barn og unges levekår og helse; det påverkar skoleprestasjonar og deira sosiale liv. Vedvarande lågbukvalitet og langvarig leige av bustad aukar sannsynet for at barn ikkje tek venner med heim.
Vanskelegstilte på bustadmarknaden er som regel i utgangspunktet ei marginalisert gruppe kjenneteikna av låg inntekt, låg eller ingen utdanning og svak arbeidsmarknadstilknyting. I eit befolkningsperspektiv er dette samanfallande med dårlegare helsetilstand. For sårbare grupper kan ein vanskeleg busituasjon bidra til å forsterke og oppretthalde eksisterande helseproblem og sosiale utfordringar.
Kjelde: SSB
Dersom problemet vedvarer ta kontakt.