Vassforsyning
Vasskvalitet er ein viktig folkehelseindikator som viser kor stor del av befolkninga som får trygt drikkevatn i tråd med drikkevassforskrifta [1]. God vasskvalitet reduserer risikoen for vassborne sjukdomar, støttar førebyggjande helsearbeid og speglar kommunen si evne til å sikre reint og stabilt drikkevatn til innbyggjarane.
I Noreg er overflatevatn ei vanleg vasskjelde ettersom omlag 89% av norske husstandar har nærleik til innsjø og elvar [2]. Grunnvatn er ei vanleg kjelde for mindre anlegg som forsyner opp til 5000 personar. Både kommunale og private anlegg nyttar grunnvatn og overflatevatn som kjelde.
Dei kommunale anlegga er underlagt drikkevassforskrifta, som er harmonisert med EU sitt drikkevassdirektiv. Ein mindre del av befolkninga (ca. 11 prosent) mottek drikkevatn gjennom små, private anlegg. Desse anlegga er ikkje pålagde å reinse eller desinfisere drikkevatnet, men blir råda til jamnlege undersøkingar av vasskvalitet. Forsyner dei private anlegga minst 50 personar, skal dei imidlertid rapportere årleg til Mattilsynet.
I mange kommunar er desinfisering av vatnet tilstrekkeleg, medan mindre reint råvatn gjer full reinsing naudsynt i andre kommunar. Desinfeksjon skjer ofte ved bruk av ultrafiolett lys (UV) som er ein rimeleg og tilstrekkeleg metode for vatn som krev lite rens.
I Noreg har dei fleste tilgang til drikkevatn gjennom kommunale anlegg, og desse føretek jamnlege målingar av ei rekke indikatorar for vasskvalitet. Det finst ei lang rekke bakteriar som kan føre til sjukdom, mellom anna e.coli og intestinale enterokokkar. Desse fører særs sjeldan til akutt sjukdom sjølv om dei førekjem i drikkevatn [4]. Dei vert nytta som indikatorar for førekomst av breidda av mikroorganismar i drikkevatn.
Indikatorane nytta i Samhandlingsbarometeret vert forklarte i det følgjande.
Kommunalt vassverk, rate uttrykker kor mange per 1000 innbyggjarar som mottek vatn gjennom kommunale anlegg.
Følgjande indikatorar vert testa ved dei kommunale anlegga. Prosentdelen innbyggarar tilknytta vassverk med tilfredsstillande prøveresultat, er prosentdelen av innbyggarar tilknytta kommunalt vassverk.
E.coli. E.coli er ein indikator på fekal ureining. Førekomst av bakterien er såleis eit mål på at desinfeksjonsprosessen i anlegget ikkje fungerer optimalt [3]. Grenseverdien for E.coli er etter drikkevatnforskrifta 0 CFU/ml.
PH. PH er eit mål på kor surt vatnet er. Surt vatn kan vere eit problem fordi det korroderar ledningsnettet og aukar sannsynet for tungmetall i vatnet [3]. Nedre og øvre tiltaksgrense for pH er 6,5 og 9,5.
Farge. Farge kjem som oftast av naturlege, organiske komponentar i vatnet. Desse er ikkje nødvendigvis skadelege, men gir lukt og smak i vatnet. Farge kan vere indirekte skadeleg ved at det reduserer effekten ved bruk av UV som desinfeksjon. Drikkevassforskrifta har ikkje fastsett tiltaksgrenser for farge, men seier at denne skal vere akseptabel for abonnentane. Mattilsynet anbefalar at fargetalet ikkje overskrider 20 mg/l Pt.
Intestinale enterokokkar. Dette er ei gruppe bakteriar som kjem av fekal ureining, og har relativt høg resistens mot klorbehandling [4].Grenseverdien for intestinale enterokokker i drikkevassforskrifta er 0 CFU/100 ml, og tiltak bør iverksetjast ved funn.
[1] Forskrift om vannforsyning og drikkevann (drikkevannsforskriften) - Lovdata
[2]Rapportering av data for vannforsyningssystemer i Norge for 2023