Yrkepassive vaksne
Vaksne utanfor arbeid, utdanning og arbeidsretta tiltak
Indikatoren viser andel vaksne (20-66) år pr. 1000 i aldersgruppa som står utanfor arbeid, utdanning og arbeidsretta tiltak.
Indikatoren er eit sentralt mål for å kartlegge i kva grad den yrkesaktive befolkninga deltek i samfunnet sine kjernearenaer for arbeid, læring og aktivitet. Den gir innsikt i kvar det er behov for innsats, og er viktig for å styrke inkludering, forebygge utanforskap og sikre bærekraftige velferdsordningar.
Å vere i arbeid, utdanning eller arbeidsretta tiltak er viktig for sosial deltaking, økonomisk tryggleik og betre helse. Å stå utanfor desse arenaene betyr ofte å ståutanfor fellesskap, utviklingsmoglegheiter ei fast inntekt. Indikatoren fangar difor opp ei viktig form for utanforskap.
Tal på kor mange som står utanfor arbeid, utdanning og tiltak i alderen 20–66 år – som er den primære yrkesaktive delen av befolkninga – gjev viktig informasjon til førebyggande innsats
4. Tverrfagleg og systemrelevant
Personar i denne gruppa kan ha samansette utfordringar: helseproblem, låg kompetanse, manglande tilpassing frå arbeidslivet, eller sosiale barrierar. Indikatoren synleggjer behovet for betre samhandling mellom aktørar som NAV, helsevesen, utdanningsinstitusjonar og arbeidsgjevarar – og kan nyttast som grunnlag for felles innsats og relevant i lokal folkehelseoversikt, samfunnsplanlegging og politikkutvikling.
NEET er ei forkorting for «Not in Education, Employment or Training» I denne statistikken er NEET avgrensa til busette i alderen 20–66 år som ikkjeer sysselsette, under ordinær utdanning eller deltakarar på arbeidsmarknadstiltak
Personar som er utanfor desse kategoriane, er plasserte i NEET-gruppa. Dei har i staden ei av dei følgjande prioriterte statusane;registrerte arbeidsledige, mottakarar av arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd, mottakarar av AFP eller alderspensjon, og andre
Kjelde: Statistikk frå SSB om arbeidsstyrkestatus (inkludert NEET), tabell 13563.