Barn av eineforsørgarar
Bakgrunn
Barn i eineforsørgarfamiliar har statistisk sett større risiko for økonomiske utfordringar, ustabile levekår og psykososial belastning. Sosiale helseforskjellar følgjer ofte økonomiske og utdanningsmessige skilnader, og desse er meir utbreidde i familiar med berre éin forsørgjar (FHI). Manglande økonomiske og tidsmessige ressursar kan påverke både foreldra si psykiske helse og barnas deltaking i sosiale aktivitetar. Helsedirektoratet viser at sosiale og økonomiske levekår har omfattande og komplekse verknader på barns helseutvikling (Helsedirektoratet). Indikatoren er derfor viktig for å identifisere barn som kan ha behov for ekstra støtte.
Definisjon
Som eineforsørgjar vert rekna personar som mottek utvida barnetrygd (barnetrygd for eitt barn meir enn dei faktisk har) etter lov om barnetrygd. Dette inkluderer også nokre sambuarar.
Måltal
Indikatoren viser andel (%) barn i alderen 0-17 år med mor eller far som er eineforsørgjar. Forholdstal viser avvik mellom kommunen sin andel og nasjonalt nivå i prosent for eit gitt år. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Statistikken viser kommune- og fylkesinndeling per 1.1.2024 med 3 års glidande gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for overlappande 3-årsperiodar).
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Helsedirektoratet
Referansar
Waldfogel, Craigie & Brooks-Gunn (2010): Fragile families and childwellbeing. Futurechild, 20: 87-112.