Trangbuddheit
Trangbuddheit er ein indikator på utilstrekkelege buvilkår og er tett knytt til både fysisk og psykososial helse. Dårlege bustadforhold er ein del av dei sosiale levekårsfaktorane som påverkar helse og livskvalitet over tid (Helsedirektoratet). Personar i tronge og uegnede bustader rapporterer oftare om stress, svekt trivsel og problem knytte til skulearbeid, sosial deltaking og familieliv. Samstundes er trangboddheit nært knytt til låg inntekt og økonomisk sårbarheit, som i seg sjølv aukar risikoen for helseproblem (SSB). På kommunenivå gir indikatoren viktig kunnskap for både bustadpolitikk og folkehelsearbeid.
Definisjon
Hushaldningar vert rekna som trangbudde dersom:
1. Antall rom i bustaden er mindre enn antall personar, eller éin person bur på eitt rom
2. Antall kvadratmeter (p-areal) er under 25 kvm. per person.
Der det manglar opplysningar om antall rom eller p-areal, blir hushaldningar rekna som trangbudde dersom ein av dei to vilkåra er oppfylt.
Måltal
Indikatoren viser andel (%) innbyggjarar som bur trangt.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)