Utdanningsnivå
Utdanningsnivå er ein av dei sterkaste sosiale indikatorane for helse. Personar med kort utdanning har statistisk sett fleire helseproblem, lågare levealder og større risiko for sjukdom og uførheit. Utdanning påverkar både økonomi, arbeidsdeltaking og helsefremjande livsstil, og bidreg til å forme levekår gjennom heile livsløpet. Helsedirektoratet peiker på at sosiale helseforskjellar følgjer ein tydeleg gradient, der høgare utdanning jamt over gir betre helse. Sidan skilnadene aukar over tid, er indikatorar for utdanningsnivå viktige for kommunal planlegging og tiltak retta mot sosial utjamning.
Definisjon
Indikatoren viser tre nivå under utdanning:
- Fullført grunnskule som høgste utdanningsnivå
- Fullført vidaregåande skule som høgste fullførte utdanningsnivå.
- Fullført høgskule- eller universitetsutdanning som høgste utdanningsnivå
Måltal
Indikatoren viser andel (%) innbyggjarar som har fullført dei ulike utdanningsnivåa.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)