Vaksne med fleire kroniske lidingar
Vaksne med fleire kroniske lidingar er ei av dei prioriterte gruppene i Helsefellesskapa i Noreg. Omfanget av kronisk sjukdom har auka vesentleg, og gruppa med fleire samtidige kroniske sjukdomar (multimorbide/multisjuke) utgjer no ein særleg prioritet i tenesteutviklinga. Dette er ei samansett gruppe pasientar som står for ei stor del av ressursbruken i både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta [1]. Førekomsten av fleire kroniske tilstandar aukar med alder og er knytt til høgare bruk av helsetenester og betre behov for samhandling mellom tenestenivå [2].
Definisjonar
Pasientgruppa blir identifisert på bakgrunn av registrert aktivitet i spesialisthelsetenesta, basert på eit definert sett av relevante tilstandar (ICD-10-diagnosar) fastsett av Helsedirektoratet. Diagnosane som ligg til grunn for utvalet er spesifisert i tabellen under. Pasientane er 18 år og eldre og har fått behandling for lidingane innanfor same kalenderåret. Inkluderingskriteria for pasientgruppa med kompleks multimorbiditet (3+) er utarbeidd i samarbeid med Folkehelseinstituttet.
Inndeling brukt i Samhandlingsbarometeret:
- Kronisk sjukdom (1+): Pasientar registrert med ein eller fleire kroniske sjukdomar i det aktuelle året.
- Multisjukdom (2+): Pasientar registrert med to eller fleire kroniske sjukdomar i minst to ulike organsystem i det aktuelle året.
- Kompleks multimorbiditet (3+): Pasientar registrert med tre eller fleire kroniske sjukdomar i minst tre ulike organsystem i det aktuelle året.

Variablar
Indikatoren viser:
- Tal pasientar per år
- Kontaktar med legevakt per år
- Kontaktar med fastlege per år
- Kontaktar med allmennlege per år
Fastlegekontakt: Ein direkte kontakt mellom fastlege og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer konsultasjon (både fysisk, e-konsultasjonar og gruppebehandling), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Legevaktkontakt: Ein direkte kontakt mellom helsepersonell på legevakt og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer ein av fylgjande: Konsultasjon (både fysisk og e-konsultasjon), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Allmennlegekontakt: Allmennlegekontaktar utgjer den totale summen av fastlege- og legevaktkontaktar.
Måltal
Indikatoren viser tal pasientar, og rate per 1 000 innbyggjarar, for pasientar med kompleks multimorbiditet (3+) som hadde kontakt med fastlege eller legevaktteneste per år. Utvikling av dei ulike gruppene over tid vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Tala omfattar berre pasientar som har hatt kontakt med spesialisthelsetenesta i det aktuelle kalenderåret. Pasientar som har fått behandling utelukkande i kommunehelsetenesta eller i kommunale institusjonar med behandlingstilbod er ikkje inkluderte. Tala reflekterer difor dei mest behandlingskrevjande pasientane og kan avvike frå det reelle talet på personar som har fått diagnostisert kronisk sjukdom ein gong i livet.
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Dei vert likevel summert på høgare aggregert nivå og små avvik kan førekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
- Alle rader frå tabellen "Enkeltregning" i KPR-data som er knytt til pasienten i det aktuelle året er med. Kun filtrering på "Tjenestetype" fastlege og/eller legevakt.
Datakjelder
- Norsk pasientregister (NPR)
- Kommunalt pasient og brukerregister (KPR).
Samhandlingsbarometeret baserer si analyse på pasientliste for vaksne med kompleks multimorbiditet (kroniske lidelser) fra Folkehelseinstituttet.
Referansar
- Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027
- Styringsinformasjon til helsefellesskapene: Del I. Helsedirektoratet 2021