Einsemd blant ungdom 13-16 år
Einsemd blant ungdom har dobla seg dei siste tiåra, og særleg jenter og unge med dårleg sjølvvurdert helse er utsette [1]. Einsemd er sterkt knytt til psykiske plagar, dårleg livskvalitet og svekka sosial fungering. Tiltak i skule- og fritidsarenaer som fremjar fellesskap og tilhøyrsle, kan møte denne utfordringa. Indikatoren synleggjer behovet for systematisk oppfølging for å sikre at alle unge har tilgang til sosiale støttestrukturar.
Definisjon
Spørsmålet i UngData er formulert som «Har du den siste veka vore plaga av at du har kjent deg einsam?» med svaralternativa: «Ikkje plaga i det heile teke», «Lite plaga», «Ganske mykje plaga» eller «Veldig mykje plaga».
Måltal
Indikatoren vise andel (%) som har svart «ganske mykje plaga» eller «veldig mykje plaga» av alle som har svart på spørsmålet. Forholdstal viser avvik mellom kommunen sin andel og nasjonalt nivå i prosent for eit gitt år. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Tala er standardisert for kjønn og klassetrinn. Tal for fylke og landet viser gjennomsnitt over treårsperiodar, med unntak av 2021, 2022 og 2023.
Følgjande reglar ligg til grunn for at data manglar, er skjult eller utelate:
• Ungdata-undersøkinga er ikkje gjennomført dette året
• Statistikk basert på færre enn fire tilfelle vert skjult av personvernomsyn
• Dersom befolkningsgrunnlaget i eit segment tel mindre enn ti personar
• Fylkesdata som omfattar mindre enn halvparten av ungdomsbefolkninga i fylket.
• Når det manglar data om kjønn, klassetrinn eller tidspunkt som hindrar standardisering
• Kommunesamanslåing eller deling kan medføre manglande data for periodane før og etter
Ved tolking av data må det vurderast om skulane som har delteke i undersøkinga er representative for kommunen som heilheit. Personar som har svart på færre enn fire av dei seks spørsmåla om depressive symptom er ekskludert frå analysane. I 2015 vart det i tillegg standardisert for tidspunktet på året kor undersøkinga blei gjennomført (vår eller haust). Frå og med 2016 er data frå haustgjennomførte undersøkingar utelete. Datainnsamlinga i 2020 blei delvis stoppa på grunn av nedstengningar i samband med pandemien, noko som førte til at fleire kommunar ikkje fekk gjennomført undersøkinga som planlagt. Som hovudregel vert det brukt treårige gjennomsnittstal for landet og fylke, men på grunn av COVID-19-pandemien blei det gjort unntak for åra 2021, 2022og 2023. Referanseverdiane for 2021 og 2022 bygger på enkelttal frå det aktuelle året, grunna pandemirestriksjonane sin påverknad på unge sin livssituasjon. For 2023 blei gjennomsnittet av data frå 2022 og 2023 nytta. Merk at berre Oslo og Møre og Romsdal har gjennomført undersøkinga i 2023.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Datagrunnlaget kjem frå Ungdata, gjennomført av NOVA i samarbeid med KoRus og finansiert av Helsedirektoratet.
Referansar
[1] Parlikar, N., Kvaløy, K., Strand, L. B., Espnes, G. A., & Moksnes, U. K. (2023). “Loneliness in the Norwegian adolescent population: prevalence trends and relations to mental and self-rated health”. BMC Psychiatry