Skrøpelege eldre
Skrøpelege eldre er ei av dei prioriterte pasientgruppene for helsefellesskapa i Noreg. Aldersgruppa 75 år og eldre er svært samansett og omfattar både robuste eldre og personar med omfattande og samansette helseutfordringar.Robuste eldre toler akutte påkjenningar om lag som andre vaksne, medan skrøpelege eldre har redusert reservekapasitet, større sårbarheit og ofte atypiske symptom som følgje av svekka organfunksjon og redusert evne til å oppretthalde fysiologisk likevekt. Vanlege kjenneteikn på skrøpelegheit inkluderer ufrivillig vekttap, redusert av muskelmasse og muskelstyrke, lågare ganghastigheit, eit lågt aktivitetsnivå og dei blir lett utmatta [1]. Skrøpelege eldre har generelt høgare bruk av både kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester enn andre i same aldersgruppe.
Definisjonar
Skrøpelege eldre er definert som personar 75 år og eldre som har minst ei IPLOS-måling [2] i kommunale helse- og omsorgstenester med ein funksjonsverdi mellom 3 og 5 på minst eitt av dei ti områda i tabellen under.

I samsvar med Helsedirektoratets definisjon er funksjonsnivået inndelt i fire grupper:
- Noko redusert funksjonsnivå (score 2-9)
- Redusert funksjon (score 10-15)
- Dårleg funksjon (score 16-25)
- Svært dårleg funksjon (score 26-40)
Gruppe 1 og 2 er slått saman til kategorien "Noko skrøpelege" (prefragile), og gruppe 3 og 4 til kategorien "Skrøpelege" (fragile). Kategorien "Noko skrøpelege" er spesielt relevant for førebyggjande tiltak i både kommunar og spesialisthelseteneste.
Variablar
Indikatoren viser:
- Tal pasientar per år
- Reinnlegging innan 30 dagar
- Utskrivingsklare pasientar (UKP) liggedøgn
Reinnleggingar: Ei reinnlegging er ei akutt innlegging, uavhengig av årsak og sjukehus, og som inntreff mellom åtte timar og 30 dagar etter utskriving frå eit forutgåande sjukehusopphald (primærinnlegging).
Utskrivingsklare pasientar (UKP) liggedøgn: Utskrivingsklare opphald er definert som avslutta sjukehusopphald der pasienten blei meldt utskrivingsklar, men oppheldt seg på sjukehuset over døgnskillet. Dersom ein pasient har fleire opphald på same dag, f.eks. ved overføring frå eit helseføretak til eit anna, er opphalda slått samen (aggregert) til eitt opphald. Indikatoren viser unike pasientar som hadde døgnopphold der pasienten blei meldt utskrivingsklar i det aktuelle året.
Måltal
Indikatoren viser totalt tal for gruppene «Noko skrøpelege», «Skrøpelege» og summen av desse, samt rate per 1000 innbyggjarar av befolkninga på 75 år og eldre.
Metodiske avklaringar
- Inkluderer aktivitet i sektor 4 (somatiske sjukehusopphald).
- UKP liggedøgn er ei teknisk teljing av utskrivingsklare liggedøgn i påvente av eit kommunalt tilbod, og kan avvike noko frå dei fakturerbare liggedøgna som kommunen betaler for.
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Små avvik kan derfor forekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
Datakjelder
Norsk pasientregister (NPR)
Kommunalt pasientregister (KPR).
Referansar
[1] https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/vanlige-sykdomsbilder-hos-eldre/skropelighet/
[2] https://www.fhi.no/he/iplos-registeret/