Skrøpelege eldre i Samhandlingsbarometeret
Skrøpelege eldre er ei av dei prioriterte pasientgruppene for helsefellesskapa i Noreg. Aldersgruppa 75 år og eldre er svært samansett og omfattar både robuste eldre og personar med omfattande og samansette helseutfordringar.Robuste eldre toler akutte påkjenningar om lag som andre vaksne, medan skrøpelege eldre har redusert reservekapasitet, større sårbarheit og ofte atypiske symptom som følgje av svekka organfunksjon og redusert evne til å oppretthalde fysiologisk likevekt. Vanlege kjenneteikn på skrøpelegheit inkluderer ufrivillig vekttap, redusert av muskelmasse og muskelstyrke, lågare ganghastigheit, eit lågt aktivitetsnivå og dei blir lett utmatta [1]. Skrøpelege eldre har generelt høgare bruk av både kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester enn andre i same aldersgruppe.
Definisjonar
Skrøpelege eldre er definert som personar 75 år og eldre som har minst ei IPLOS-måling [2] i kommunale helse- og omsorgstenester med ein funksjonsverdi mellom 3 og 5 på minst eitt av dei ti områda i tabellen under.

I samsvar med Helsedirektoratets definisjon er funksjonsnivået inndelt i fire grupper:
- Noko redusert funksjonsnivå (score 2-9)
- Redusert funksjon (score 10-15)
- Dårleg funksjon (score 16-25)
- Svært dårleg funksjon (score 26-40)
Gruppe 1 og 2 er slått saman til kategorien "Noko skrøpelege" (prefragile), og gruppe 3 og 4 til kategorien "Skrøpelege" (fragile). Kategorien "Noko skrøpelege" er spesielt relevant for førebyggjande tiltak i både kommunar og spesialisthelseteneste.
Variablar
Indikatoren viser pasientar i gruppene «Noko skrøpelege» og «Skrøpelege» eldre, som har hatt konsultasjonar hos fastlege eller legevakt.
Fastlegekontakt: Ein direkte kontakt mellom fastlege og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer konsultasjon (både fysisk, e-konsultasjonar og gruppebehandling), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Legevaktkontakt: Ein direkte kontakt mellom helsepersonell på legevakt og pasient som inneber ei medisinsk vurdering eller ein samtale. Dette inkluderer ein av fylgjande: Konsultasjon (både fysisk og e-konsultasjon), sjukebesøk, tverrfagleg samarbeid, enkel kontakt og anna.
Allmennlegekontakt: Allmennlegekontaktar utgjer den totale summen av fastlege- og legevaktkontaktar.
Måltal
Indikatoren viser totalt tal kontaktar for gruppene «Noko skrøpelege» og «Skrøpelege» eldre, samt rate per 1000 innbyggjarar 75 år og eldre.
Metodiske avklaringar
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommune nummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Små avvik kan derfor forekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
- Alle rader frå tabellen "Enkeltregning" i KPR-data som er knytt til pasient i det aktuelle året er med. Kun filtrering på "Tjenestetype" fastlege og/eller legevakt.

Datakjelder
Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
Referansar
[1] https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/vanlige-sykdomsbilder-hos-eldre/skropelighet/
[2] https://www.fhi.no/he/iplos-registeret/