Skrøpelege eldre
Skrøpelege eldre er ei av dei prioriterte pasientgruppene for helsefellesskapa i Noreg. Aldersgruppa 75 år og eldre er svært samansett og omfattar både robuste eldre og personar med omfattande og samansette helseutfordringar. Robuste eldre toler akutte påkjenningar om lag som andre vaksne, medan skrøpelege eldre har redusert reservekapasitet, større sårbarheit og ofte atypiske symptom som følgje av svekka organfunksjon og redusert evne til å oppretthalde fysiologisk likevekt. Vanlege kjenneteikn på skrøpelegheit inkluderer ufrivillig vekttap, redusert av muskelmasse og muskelstyrke, lågare ganghastigheit, eit lågt aktivitetsnivå og dei blir lett utmatta [1]. Skrøpelege eldre har generelt høgare bruk av både kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester enn andre i same aldersgruppe.
Definisjonar
Skrøpelege eldre er definert som personar 75 år og eldre som har minst ei IPLOS-måling [2] i kommunale helse- og omsorgstenester med ein funksjonsverdi mellom 3 og 5 på minst eitt av dei ti områda i tabellen under.

I samsvar med Helsedirektoratets definisjon er funksjonsnivået inndelt i fire grupper:
- Noko redusert funksjonsnivå (score 2-9)
- Redusert funksjon (score 10-15)
- Dårleg funksjon (score 16-25)
- Svært dårleg funksjon (score 26-40)
Gruppe 1 og 2 er slått saman til kategorien "Noko skrøpelege" (prefragile), og gruppe 3 og 4 til kategorien "Skrøpelege" (fragile). Kategorien "Noko skrøpelege" er spesielt relevant for førebyggjande tiltak i både kommunar og spesialisthelseteneste.
Måltal
Indikatoren viser totalt tal personar for gruppene «Noko skrøpelege» og «Skrøpelege», samt rate per 1000 innbyggjarar, i aldersgruppa 75 år og eldre.
Metodiske avklaringar
- Personar registrert i fleire kommunar i same år, blir tilordna den kommunen der siste helsekontakt er registrert, for å unngå dobbeltføring.
- Personar med ugyldig kommunenummer er ekskluderte.
- På kommunenivå blir det ikkje publisert tal for grupper med færre enn fem personar. Små avvik kan derfor førekomme på grunn av anonymiseringsteknikk.
Datakjelder
- Norsk pasientregister (NPR)
- Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR)
Referansar
[1] https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/vanlige-sykdomsbilder-hos-eldre/skropelighet/
[2] https://www.fhi.no/he/iplos-registeret/