Uføretrygd
Bakgrunn
Uføreytingar er stønadsordningar for å sikre inntekt til livsopphald for personar som har fått inntektsevna si varig nedsett grunna sjukdom eller funksjonshemming. Uføretrygd speglar omfattande helseproblem, funksjonsnedsetting og redusert arbeidsevne, og er ofte knytt til dårlegare livskvalitet og sosiale levekår [1]. Kor mange som mottek uføretrygd er derfor ein indikator på helsetilstand, men må sjåast i samanheng med næringsliv, utdanningsnivå og mulegheiter for jobbtilbod i kommunen.
Definisjon
Uføreytingar er definert som mottak av varig uførepensjon og/eller arbeidsavklaringspengar.
Måltal
Indikatoren viser andel (%) personer som mottek uføreytingar i prosent av befolkninga. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver. Statistikken viser årlege tal for tre aldersgrupper; 18-44 år, 45-67 år og 18-67 år.
Metodiske avklaringar
Det er muleg å motta både varig uførepensjon og arbeidsavklaringspengar samtidig, men dei dette gjeld vert talt berre éin gong i samla uføreytingar.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Les meir her: Uføretrygdede (ssb.no)
Referansar
[1] Statistikk om uføretrygdede. SSB.