Tidleg død og årsak
Bakgrunn
Informasjon om tidleg død av ulike årsaker kan gje oss viktig informasjon om kvar vi bør sette inn førebyggande folkehelsetiltak [1]. Dagens dødsårsaksmønster kan reflektere levevanar over lengre tid, ikkje berre det som gjeld i dag.
Definisjon
Tidleg død er her definert som død før 75 års alder, altså under den forventa levealderen.
Måltal
Indikatoren viser tal dødsfall per 100 000 innbyggarar årleg fordelt på fem grupper av dødsårsakar (ICD-10):
- Alle dødsårsaker samla
- Hjerte- og karsjukdom (I00-I99)
- Kreftsjukdom (C00-C97)
- Voldsomme dødsfall (V01-Y89) (ulykker og sjølvmord)
- KOLS (Kronisk obstruktiv lungesjukdom) og lungekreft (J44 og C33-C34)
Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Statistikken viser 10 års glidande gjennomsnitt (dvs. gjennomsnitt for overlappande 10-års-periodar), og er basert på bustad ved død. Statistikken er henta frå Dødsårsaksregisteret og omfattar alle som er busett i Norge, sjølv om dei dør i utlandet. Statistikk basert på færre enn fire tilfelle vert skjulte av personvernomsyn.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Dødsårsaksregisteret ve Folkehelseinstituttet
Referansar
[1] Indikatorer for ikkje-smittsomme sykdommer: For tidlig død av ikkje-smittsomme sykdommer. FHI.