Forventa levealder
Bakgrunn
Forventa levealder ved fødsel er eit hovudmål på folkehelse i ei befolkning [1]. Variabelen gjev informasjon om den generelle helsetilstanden og korleis folkehelsa utviklar seg over tid. På lands- og regionnivå er dette ein stabil og påliteleg indikator som gjev informasjon om endringar over tid, og om skilnader mellom ulike befolkningsgrupper. Over tid har alle grupper i landet fått betre helse, men helsegevinsten er størst for gruppa med lang utdanning og høg inntekt. For eksempel har denne gruppa høgare forventa levealder enn dei med kortare utdanning og lågare inntekt. Særleg har helseskilnadane auka dei siste 10 åra, dette gjeld både fysisk og psykisk helse. Utjamning av sosiale helseskilnader er ei viktig målsetting i folkehelsearbeidet.
Definisjon
Indikatoren viser forventa gjennomsnittleg levealder i år frå fødsel.
Måltal
Indikatoren viser forventa gjennomsnittleg levealder i år frå fødsel. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Statistikken viser 15 års glidande gjennomsnitt, og er berekna ved hjelp frå dødelegheitstabell.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Helsedirektoratet
Referansar
[1] Sykdomsbyrde i Norge. FHI