Overvekt og fedme - gravide
Bakgrunn
Overvekt blant gravide ved første svangerskapskontroll kan tene som ein relevant indikator på førekomsten av overvekt i befolkninga. Overvekt og fedme blant gravide er også assosiert med auka risiko for komplikasjonar som svangerskapsdiabetes, preeklampsi og keisarsnitt, samt langtidseffektar for barnet [1]. Overvekt er òg ein føresetnad for utvikling av kroniske sjukdomar, inkludert type 2-diabetes og hjarte‑ og karsjukdom [2]. Denne indikatoren gir viktig innsikt for å styrkje helsetilbodet i svangerskapsomsorga og målretta førebygging.
Definisjon
Overvekt, inkludert fedme, er definert som ein kroppsmasseindeks (KMI) lik eller høgare enn 25 kg/m². Opplysningane om høgd og vekt er sjølvrapporterte, og vert henta frå Medisinsk fødselsregister ved Folkehelseinstituttet. Kvinner med tilgjengelege opplysningar om høgd og vekt frå første svangerskapskontroll er inkluderte.
Måltal
Indikatoren vise andel (%) gravide med overvekt eller fedme på første svangerskapskontroll. Forholdstal viser avvik mellom kommunen sin andel og nasjonalt nivå i prosent for eit gitt år. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Statistikken er presentert som eit treårig glidande gjennomsnitt, det vil seie eit gjennomsnitt for overlappande treårsperiodar, der det siste året i kvar periode vert nytta som referanseår. Tala er standardisert for alder.
Følgjande reglar ligg til grunn for at data for enkelte kommunar er skjult:
- Statistikk basert på færre enn åtte tilfelle i løpet av ein treårsperiode
- Dersom populasjonen tel færre enn 19 personar
- Tal for undergrupper er skjult dersom dei kan nyttast til å rekne ut skjulte verdiar for andre grupper
- Tidsseriar vert skjulte dersom meir enn 20 prosent av verdiane i serien er skjulte
- Tidsseriar vert òg skjulte dersom meir enn 50 prosent av datagrunnlaget er basert på seks eller færre tilfelle.
Vidare vert data ekskludert dersom fødeinstitusjonar har rapportert høgd- og vektopplysningar for mindre enn 60 prosent av dei fødande dei siste to åra, eller under 50 prosent for eit enkelt statistikkår. Kommunar, fylke og bydelar, der mindre enn 50 prosent av fødselsmeldingane inneheld informasjon om høgd og vekt, vert ikkje viste i statistikken. Desse geografiske einingane vert likevel inkluderte i berekninga av nasjonale gjennomsnitt.
Datakjelder
Helsedirektoratet
Opplysningane om høgd og vekt er sjølvrapporterte, og vert henta frå Medisinsk fødselsregister ved Folkehelseinstituttet.
Referansar
[1] Folkehelserapporten: Helse under svangerskap, fødsel og i nyfødtperioden. FHI
[2] Folkehelserapporten: Overvekt og fedme i Norge. FHI