Søvnproblem - ungdom 13-16
Bakgrunn
Søvn påverkar både fysisk og psykisk helse, og er viktig for befolkninga sin helsetilstand. Studiar har vist at om lag ein av fire norske ungdommar har insomnia, og gjennomsnittssøvn i kvardagen er ca. 6,5 timar – to timar under anbefalinga. Søvnvanskar aukar risikoen for psykiske plagar, svikt i skuleprestasjonar og auka fråvær [4]. Indikatoren framhevar behovet for intervensjonar retta mot søvnhygiene og psykisk helse blant ungdom.
Definisjon
Spørsmålet i UngData er formulert som «Har du i løpet av den siste veka vore plaga av noko av dette? Søvnproblem» med svaralternativa: «Ikkje plaga i det heile teke», «Lite plaga», «Ganske mykje plaga» eller «Veldig mykje plaga».
Måltal
Indikatoren vise andel (%) ungdom som har svart «Ganske mykje plaga» eller «Veldig mykje plaga» med søvnproblem. Forholdstal viser avvik mellom kommunen sin andel og nasjonalt nivå i prosent for eit gitt år. Utvikling over år vert presentert i eigne forløpskurver.
Metodiske avklaringar
Tala er standardisert for klassetrinn og kjønn. I 2015 vart det i tillegg standardisert for tidspunktet på året kor undersøkinga blei gjennomført (vår eller haust).
Følgjande reglar ligg til grunn for at data manglar, er skjult eller utelate:
- Ungdata-undersøkinga er ikkje gjennomført dette året
- Statistikk basert på færre enn fire tilfelle vert skjult av personvernomsyn
- Dersom befolkningsgrunnlaget i eit segment tel mindre enn ti personar
- Fylkesdata som omfattar mindre enn halvparten av ungdomsbefolkninga i fylket.
- Når det manglar data om kjønn, klassetrinn eller tidspunkt som hindrar standardisering
- Kommunesamanslåing eller deling kan medføre manglande data for periodane før og etter
Datainnsamlinga i 2020 blei delvis stoppa på grunn av nedstengningar i samband med pandemien, noko som førte til at fleire kommunar ikkje fekk gjennomført undersøkinga som planlagt. Ved tolking av data må det vurderast om skulane som har delteke i undersøkinga er representative for kommunen som heilheit. Personar som har svart på færre enn fire av dei seks spørsmåla om depressive symptom er ekskludert frå analysane. I 2015 vart det standardisert for tidspunktet på året kor undersøkinga blei gjennomført (vår eller haust). Frå og med 2016 er også data frå haustgjennomførte undersøkingar utelete. Som hovudregel vert det brukt treårige gjennomsnittstal for landet og fylke, men på grunn av COVID-19-pandemien blei det gjort unntak for åra 2021, 2022 og 2023. Referanseverdiane for 2021 og 2022 bygger på enkelttal frå det aktuelle året, grunna pandemirestriksjonane sin påverknad på unge sin livssituasjon. For 2023 blei gjennomsnittet av data frå 2022 og 2023 nytta. Merk at berre Oslo og Møre og Romsdal har gjennomført undersøkinga i 2023.
Datakjelder
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Datagrunnlaget kjem frå Ungdata, gjennomført av NOVA i samarbeid med KoRus og finansiert av Helsedirektoratet.
Referansar
[1] Folkehelserapporten: Søvnvansker i Norge. FHI